Kvelds tur på Vikafjellet.
Litt avkobling frå spiker og blå tommeltottar (??) må til når haustværet er som no.
Har diverre ikkje vorte så mykje fjell turar pga. garasje, men i kveld vart fristelsen for stor -- :-)
Med bil mot Vikafjellet og først bilde frå Myrkdalen ca. kl. 17.00.

Hytter på Vikafjellet ved fylkesgrensa.

Sein ettermiddag / tidleg kveld ved "Skjeringa" på Vikafjellet.

Ved Svartavatnet.

Utsikt mot Sognefjorden ikkje langt frå Svartavatnet.
Litt av Sognefjorden omtrent midt i bildet.

Så litt rekreasjon ved Kvilesteinvatnet, dvs. fiskestang og ein god kopp kaffi :-)
På bildet ei einsleg sprakebusk i lag med kaffikoppen ved Kvilesteinvatnet.

Kvelden kom fort og sola på veg ned ca. kl. 19.00

Solnedgang i høgfjellet er noko som må nytast -- :-))

Fiskestanga vart prøvd i Svartavatnet også ( bildet under ).
Men ang fangst så er fylgjande notert:
1 Oktober egnar seg ikkje som fiskedag i høgfjellet,
er mykje meir egna for ein tur med hagla etter rypene ( etter ein del lydar å dømma -- )
I haustkald solgangsbris så likar fisken seg best i det våte element -- :-)

Til slutt så kom månen fram, noko som måtte nytast med ekstra kaffipause :-)
Til Dykk som har gode auger så speigler månen seg i vatnet ved Skjeringa
og vatnet til venstre er Skjelingavatnet.
