På tur til Horndalsnuten 1461 moh.
Endeleg skitur til Horndalsnuten, toppen som me ser frå Vossevangen i øst.
Bil til Tveiti ( ikkje langt frå Fenno ) og så på ski oppover.
Byrjar med litt av Fennastølane.

Eit bilde til av Fennastølane. Gråsida ( Sandfjellet ) i bakgrunnen.

Litt over Fennastølane.
Tar med dette bildet for å visa kor fint det var å skri ned att her -- :-))

Litt lenger oppe og utsikt mot Lønahorgi.

Er byrja å nærma meg Gullringsdalen, og får fin utsikt til Horndalsnuten ( omtrent midt i bildet ).

Utsikt til stølen Steindro ( omtrent midt i bildet ).

Er på veg inn i Modalen.
Her kjem to bilder som heng saman,
først utsikt retning Steindro og Skaftedalen ( nede i skogen ) -----

------ så har eg snudd meg ca. 180` og bilde innover mot Modalstjørnane der vegen går.

Så litt mykje å lesa.
Området ved innerste Modalstjørn er vilt og vakkert.
Klikkar De på * 23 Februar Modalstjørn 180` P så ser De korleis det meste av denne botnen ser ut.
Skiløypa går oppover til høgre i panorama bildet.
På bildet under er eg byrja litt på stigningen oppover og ser ned att til indre Modalstjørn.

Ikkje mange lydar å høyra anna enn eit og anna flyet høgt oppe.

Det går sakte men sikkert oppover, her litt av skiføret i høgfjellet.

Endeleg på toppen ved varden på Horndalsnuten 1461 moh.
Litt av Skipadalsnuten til venstre i bildet.

Ikkje så mange utsiktbilder frå toppen pga dis i horisontane.
Ca. 180`panorama bilde frå toppen finn De ved å klikka på * 23 Februar Horndalsnuten 180` P
På dette panoramabildet ser De frå Vossevangen til området øst for Mjølfjell i Raundalen.
På bildet under utsikt mot Vossevangen frå toppen.

Utsikt til Li i Raundalen.

Kald vind gjorde at oppholdet på toppen vart helst kortvarig.
På veg ned att til vindstille og fin sol for å nyta nistepakka og kaffikopen.
Siste bildet på veg ut att frå Modalen.
