Påsketur Skjærtorsdag
etter gammel oppskrift --, dvs. slik som det var når me var små :-))
Grå-vær og med det ein tur utover i "stølsheimen" på Bordalen.
Byrjar med kart ( målestokk: 1: 50 000 ) over området der det er prøvd å merka av dagens tur
som starta og slutta på Rong.
.
Første bilde er eg byrja å nærma med Allmenningane og utsikt mot Gjellestølen
( den vesle prikken nesten i himmelsynet ).
Tru om det vert tur opp der ein anna dag for å nyta utsikta utover Hardangerfjorden ?? :-)

To bilder av stølane i Allmenningane.

------

Vidare utover mot Helgaset via Langedalen
og neste bilde utsikt mot Grønlivatnet og garden Grønlii ( omtrent midt i bildet )
Nærbilde av garden Grønlii.

Snart komme på stølen Helgaset ( og her vert det mange bilder frå :-) )
I bakgrunnen Veskrehorgi, 1134 moh.

Kvifor pause på Helgaset ??
Måtte nett inspisera fjellfolket :-))
Og som De ser, den yngste generasjonen hadde det bra :-))

Rimeleg fort vart alle skyene borte og det vart eit nydeleg Påskevær :-)
Gruppebilde av fjellfolket, var kanhenda ikkje så nærme linsa,
men dette var einaste bilde der alle prøvde å sjå ut som dei var oppstilt :-)))

Etter kaffi og niste pause bar det vidare, eit bilde til nede frå Helgaset.
Løypa går no oppover bakkane litt til venstre i bildet.

Er komme opp dei brattaste bakkane og utsikt ned att til Helgaset.
I bakgrunnen Skåndalshorgi , 1029 moh.

Sidan været vart så fint vart det tur opp på Tinden , til Dykk som har gode auger så ser De varden
som ein liten svart prikk i himmelsynet omtrent midt i bildet.

Kan ikkje klaga på været no, mange varmegrader , sol og heilt vindstille --- :-)

Ikkje langt att til varden på Tinden.

Tinden 982 moh..
Mange oppover i finværet i dag og på bildet under
ein gjeng ute frå kysten som har familietreff på Tinden :-)

Utsikt mot Horndalsnuten der det heng att litt skyer enno.

Utsikt til Hardangerfjorden.
Innerst i vika ved fjorden ligg Kinsarvik.
Til Dykk som vil sjå meir utsikt frå Tinden
kan De klikka på * 24 Mars Tinden 360`panorama.

PÅ heimveg og og avsluttar med Hanselavatnet med Veskrehorgi i bakgrunnen.
Omtrent samme bilde frå sommaren er som lite bilde på framsida på denne heimesida.
