Påsketur 2.dre Påskedag.
På ein dag som dette så er det ikkje så mykje å skriva anna enn:
Finare dagar skal me leita lenge etter :-)
Kort fortalt: Sol frå skyfri himmel , varmt og vindstille samt fint skiføre.

Turen i dag frå Vikafjellet der fylkesgrensa kryssar riksvegen
via Grungen / Dueskaret, Oppheimsdalen til Oppheim.
Byrjar ved riksvegen, Finnbunuten bak til venstre i bildet
og skiltet på andre sida av vegen er skilt for fylkesgrensa ( berre dei som har gode auger ser det :-) ).

På veg innover.

Fleire som våga seg ut i skispor i dag :-)))

Utsikt mot Grungen / Dueskaret omtrent midt i bildet..

Ikkje mange oppoverbakkar, dette var den verste og den gjekk veldig lett :-))

Matpause ved Store Grungen, ikkje noko å sei på valget av plass :-))

Stort panoramabilde , ca. 180 , av Store Grungen - Dueskaret
finn DE ved å klikka på * 28 mars Dueskaret 180`panorama
Der er stølen Store Grungen til venstre i bildet og stølen Dueskaret omtrent midt i bildet.
Me trakkar vidare -- :-))

Snart ved Fliseramstjørna.

Ikkje lenge før ny pause, her frå Fliseramstjørna og opp i Reppaskaret.

Frå Reppaskaret og utsikt mot Oppheimsdalen.
Omtrent midt i bildet Såta og stølen Reppane nede i dalbotnen litt til høgre i bildet.

På veg nedover, fint å skri på ski over alt.
Toppen oppe til venstre er Bjørndalskamben, vart ikkje besøk opp der i dag, lyt ha det tilgode :-)

Oppheimsdalen og stølane i Skitlii.

Etter ein fin tur så avsluttar me denne turen med ettermiddagssol over Marsteinstølen.

Takk for turen, me greier nok fleire fjellturar :-))