Ein Strålande fjelltur !!!
Vikafjellet 28 August ( for dei som undrast på kvar bildene som kom ut i går kveld var tatt )
Fridag, sol frå nesten skyfri himmel og med det ein tur i høgfjellet.
Vindretning frå nord var det som var litt minus med tanke på å få "storfisken".
Første stopp: Bua i Myrkdalen for å kjøpa fiskekort for det aktuelle området.

Me nærmar oss Hola og Vikafjellet "smiler" mot fotografen --:)

Nesten ved enden av bilvegen og desse tre undrast kva fotografen driv med no --:)

No er det slutt for motorisert transport, me er på dammen ved Muravatnet.
Med stor niste og fiskesaker bar det iveg innover og
neste bilde er tatt i himmelsynet omtrent rett over bilen.

Litt av Muravatnet og tilbakeblikk mot dammen, der som me parkerte.
Langt bak, omtrent midt i bildet ser me litt av Jostedalsbreen ( ikkje lett å sjå ).
Var fisk i dette vatnet, men nordavinden får skulda for at fisken ikkje ville på land --:)

Utsikt mot Blåfjell, 1548 moh., høgaste toppen omtrent midt i bildet.
Vatnet me ser på bildet er forsatt Muravatnet

Turen går vidare innover Endredalen.

Fiskevatna låg "som perler på ei snor" , her ved Hemredalsvatnet, 1110 moh.

Neste vatn, Svartatjørn 1145 moh. Blåfjell er no høgste toppen til høgre i bildet

Neste var eit stort vatn, ( så berre litt av vatnet på bildet ) Ytredalsvatnet 1118 moh.
Me kom ned litt til venstre i bildet

Fotografen snur seg rund 180`, går nokre meter og me har utsikt nedover mot Dueskaret.
*Dueskaret P ( link i menyfeltet ) er tatt ved det nederste me ser av elva, omtrent midt i bildet

Timane går fort, sola er på veg ned, her ved Grungen.

Hurtig bilde før det vart mørkt av litt av fangsten vår, det vart meir ---:)

Det er på tide å venda nasa mot bil nr. 2 som me hadde parkert i Hola.
Ein liten time spasertur ventar når dei siste solstrålane skin på toppane rundet Grungen.

Det vart omtrent mørkt ( me har godt nattesyn ---:) ) før me nådde bilen,
ca. 11 timar etter me gjekk frå den andre bilen.
Ein fin tur er over, Takk for turen !
Avsluttar med eit gamalt stølshus i mørket og drøymer om å få gjera dette oppatt !!!!
