Ein strålande sommar dag :-)
Diverre så går 3 veker sommarferie alt for fort ( kunnne godt hatt 3 veker til -- :-) ),
så denne siste feriedagen vart brukt på beste måte :-)
Tidleg oppe for å få med seg mest mulig ( stram timeplan -- :-( ))).
Gråsidetoppen var dagens mål for underteikna ( inkl. fotoapparat m/ sjølvutløysar )
for å nyte utsikta over denne fine bygda vår.
Byrjar litt over Gjelle,
ikkje vanskeleg å finna vegen.

Første stopp ved Roset,
og som gradestokken viser så frys underteikna ikkje
( litt sol på Roset gradestokken som er limt inn på bildet, klokka er ca. 11.45 ) .

Ikkje vanskeleg å ta kaffipause på Roset med denne utsikta:-)

Litt over Roset og utsikt over Olde, Væle, Gjelland og Herre på Bordalen.

Er komme over skogen og den T-merka stien er lett å fylgja, Bulken i bakgrunnen.

Eit par snøfenner å gå over.
( underteikna er for anledningen innsausa med mykje sol-faktor -- :-(( )

Ikkje mange å treffa i fjellet,
våre fir-beinte venner kosar seg i høgfjellet i dette fine været :-)

Sol i fjellet omtrent heile dagen.

Så nokre bilde parti, først ved Pila --

---- og "bak" Gråsidetoppen.

Ikkje vanskeleg å skjønna kvifor navnet Gråsida er komme på plassen her oppe.
Bildet under prøver å visa litt av all grå-steinen.
I bakgrunnen frå venstre Skjemmehorgi og Torfinnshorgi.

Snart på toppen.

Varden på Gråsidetoppen, 1307 m.o.h.
Vossevangen i bakgrunnen.

Så nokre nærbilder frå toppen, først av Vossevangen ---

--- så mot Bulken ----

------ Dyrvedalen ----

og siste nærbilder frå Lundarosen og området mot Skulestadmo.

Siste bilde og underteikna prøver seg som blomster fotograf.
( var ein og anna plante å sjå mellom gråsteinane på turen )
Har fått navn på denne som i utgpkt var navnlaus:
Fjelltjæreblom,
veks helst i kalkrikt fjell. Er noko vanleg, men det veks ikkje så mykje av den.
I våre område veks den i det kalkrike fylitt- og skifer-beltet i Vossafjelli og Stølsheimen,
t.d. omkring Raudberget i Framfjord-fjelli og i Vålatraktene.
Den veks unntaksvis lenger vest, og er bl.a. sett i eit lite antal rett vest for høgda
ved stien frå Steinsland øvst i Modalen mot Vardadalsbu.
Takk til innsendaren for navn og info for denne blomen
