Ein strålande haustdag :-)
Aller først: Hausten og fotoapparat er ein fin kombinasjon når været er fint,
men siste bildet på denne sida fortel litt om kreativitet ---- :-)
Det er vorte ein laaang dag med mykje fint vær -- :-)
Ettermiddag og ein tur Voss - Ål - Bergen og heimatt.
Byrjar med tog 601 på Urdland.
Innlimt bilde er bevis på at helseplikta vert overholdt sjølv om underteikna er opptatt med fotoapparatet :-)

Eit langt sprang til Grøndalen ( mellom Myrdal og Hallingskeid ) i kvelds sol.

Såtadalen frå Lågheller fyllinga ( like vest for Finsetunnelen ).

Lågheller.

Finse frå vest.

Finsefeten litt øst for Finse. Snøskjermane til venstre i bildet er ved Larsbu.

Storurdi mellom Finse og Haugastøl.

Ved Grytå mellom Finse og Haugastøl.

Så til noko heilt anna enn fin natur ( ???? ).
No i desse "friskluft tider" så er "problema" til tider store for ein del av dei som reiser eit stykke med toget --- :-)
Kan henda at dette "problemet" er størst i forbindelse med helgeutfarten ???
På alle stasjoner som oppholdet var 1 minutt og meir så "strøymde"
dei "friskluft" trengjande ut på plattforma ---- :-)
På bilder under ein liten "friskluft" pause på Haugastøl.( toget er fortsatt i rute ).

Så ved Øynaden litt vest for Ustaoset. Hallingskarvert i bakgrunnen.

Området ved Ustaoset stasjon like før sola går ned.

Så er det slutt på denne fine solskin`s dagen.
Det er like før sola går ned ved Ustaoset kl. 17.59

Så til kreativitet ( øverste tekst på denne sida ).
Kveld og lite bilder frå turen Ål - Bergen med tog 63,
men ved ankomst Bergen stasjon så var denne haustdagen komplett :-)
Nokre frå Jernbanepersonalet`s musikkorps avd. Bergen spelte fin underholdningsmusikk på Bergen stasjon
når tog 63 kom til endestasjonen og natt-tog passasjerane skulle ut på tur ( bildet er tatt ca. kl. 22.45 ).
Dette var noko som varma underteikna som er sterkt involvert i Voss Musikklag ( www.vml.no )
Som De ser på siste bilde: Korpsmusikk kan brukast over alt til alle tider :-)
Kva desse musikkarane skulle etterpå skal underteikna ikkje skriva noko om ----
---- men dei har det moooorrrrroooooo --- :-))))
