Bildeserie nr. 3 frå
FORENINGA Trehjulsgutane
sin sykkeltur på Rallarvegen 2003.
Siste bildeside frå turen vår og byrjar med fine blomar som veks i veg-kanten.

Mellom Fagernut og Grjotrust, og me stoppa og prata med denne jenta.
Ei sprek jente med på 87 sommrar som likar seg godt i høgfjellet.

På toppen like før Grjotrust og utsikt ut over litt av vest Norge.
Grjotrust boligen omtrent midt i bildet.

Ved Grjotrust og mor og far frå familien Os som me har prata med fleire gonger me har vore på tur.
Dei har gjort eit stort arbeid for å ta vare på dette kulturminnet.
Den spreke jenta ( som me prata med litt tidlegare ), Lajla, var også "busett" her no i sommar.

Lenger vest og me er komme til Lågheller. og besøk til eit par som trivest veldig godt i høgfjellet.

Her vart me verande resten av dag 2, ein triveleg plass med eit triveleg vertskap som
underteikna er vorte kjent med via denne sida her.
Det var ikkje vanskeleg å sitja ute å nyta kvelden i fjellet her, utsikt innover Såtedalen ( retning nord/øst ).

Eit bilde til ved Lågheller og utsikt til Bergensbanen og ettermiddag`s-toget på veg til Bergen.

"Morgon stund har gull i munn ----?? --:) "
Ny morgon og Trehjulsgutane vil prøva med litt "kropsleg vedlikehold".
Guten til venstre manglar brillene--, guten i midten har lyst å prøva badevatnet ---
-- medan sistemann har funne ut at dette var godt --:)

Turen går vidare vestover og ved Høgdaboligen treffer me meir ferierande fjell-folk.

Litt lenger vest ved Høgheller vatnet.

Mykje syklistar ute på Rallarvegen denne søndagen.

Klevagjelet, ein av mange fine plassar langs Rallarvegen.

Studieoperatøren vår med navn Stein er her på "Slektstemne" i år også ----:)

Siste bilde frå ein fin tur, me er komme til veg`s ende på sykkelturen vår, på Myrdal,
og me prøver ute-resturanten til Cafe Rallaren.

Til Dykk alle: TAKK FOR EIN FIN TUR I HØGFJELLET, me kjem attende --:)
Konklusjon frå året`s tur: Me skulle hatt litt betre tid ---,
så turen må kanhenda utvidast med ein dag til ---??? ---:)