Draumehelg i fjellheimen
mellom Vola og Tvinnestølen 2 - 4 september.
dag 3
|
Hugsar De bildet av gamle murar frå side 2 av fisketuren i Volatraktene ?
Fylgjande tilbakemelding er komme : "Murane som du har teke bilete ved Stora Piksvatne er gamle murane til sele som i dag står på Tvinnestølen. Det var flytta rundt år 1900 p.g.a. at det ofte låg mykje snø i vegen opp frå der selet står i dag og difor vanskleg å få dyra ned til Storavatne". |
![]() |
Ny dag og diverre så er det litt regn i lufta ( værprofetane har bomma stygt ) og med det ikkje så mykje bilder.
Det første som skjer teltbebuarane er "ein tur på badet".
No er det slik i fjellheimen at det er litt vanskeleg å finna kranen for varmt vatn,
trøysta vår er at dette er mykje vamare enn når samme gutane er på jakt ein - to månader seinare -- :-)))

Frukost kokken.
Menyen består av "egg å flesk" samt mykje godt smør og anna pålegg :-)

Utsikt til Kvitanosi frå leirplassen.

Fiskestanga vart sjølvsagt brukt i dag også,
på bildet dagens første fisk til ein godt nøygd heimesidesnikkar -- :-)

Utsikt mot Borgavatnet, som De ser så er været helst grått og vått.

Naturens kunstverk ved Borgavatnet.

Siste bilde frå ein storarta tur i fjellheimen er dagens fangst frå dag 3.
Ikkje verst dette heller -- :-))
Til Dykk som studerer fisken så er desse tatt i to forskjellige vatn
og mest truleg så er beiteforhold/ snøsmelting ( sein vår )
årsaka til at to av dei er mykje "feitare" enn dei to andre.

Stor Takk til turkameraten for ei fin helg i fjellheimen,
dette må me gjera oppatt !